ME-konferanse Stryn er eit privat arrangement. 

 

 

«Fokus på ME» er ein liten organisasjon, som vi vel å legge inn litt informasjon om link til, på denne sida. 

 

«Fokus på ME» er ein liten veldedig organisasjon som var danna i Stryn hausten 2018. Den har eit klart formål: samle inn pengar til biomedisinsk forsking og spreie kunnskap om ME. Vi jobbar med å få på plass eiga heimeside:  www.fokuspame.no

 

 

For å hjelpe dei som har ME og familiane deira til å få ein betre kvardag trengs det meir forsking og kunnskapsformidling om sjukdomen.

 

 

Formål med «Fokus på ME» er å samle inn pengar til biomedisinsk forsking på ME i Noreg, i første omgang til Haukeland Universitetssjukehus, Avdeling Kreftbehandling og medisinsk fysikk, forskingsgruppa leia av Olav Mella og Øystein Fluge. Fokus på ME har også som formål å spreie kunnskap om ME. 

 

 

ME er ein av dei mest invalidiserande sjukdomane som er kjend, men likevel er dei statlege midlane til forsking på denne sjukdomen svært låge. Bakgrunnen for organisasjonen ’Fokus på ME’ er at den er starta i håp om at ein kan samle inn pengar og kunne bidra til forskingsarbeidet. 

Gje gjerne ei gåve til Fokus på ME ved å vippse til 548006

eller innbetale på kontonummer: 3705 37 44029

eller benytte Spleis. spleis.no/FokusME