top of page

Sogn og Fjordane er eit fylke med ca 109 000 innbyggjarar, fordelt på 26 kommunar. Stryn ligg inst i Nordfjorden nord i fylket, Sognefjorden ligg i sør, midt mellom har vi Sunnfjord.

 

Folketalet i Stryn Kommune er ca 7 150. 

Det karakteriske ved Stryn kommune er kombinasjonen Fjord - Brear - Elvar -Fossar og Vatn. Høge fjell og djupe dalar, grøderike dalbotnar og dalsider. Naturen gjev grunnlag for turistnæringa i kommunen. Stryn er den største reiselivskommunen (utanom dei store bykommunane) på Vestlandet. 

 

Rundt om kring i kommunen ligg fleire småbygder. Hjelledalen og Oppstryn når ein kjem over Strynefjellet. På fylkesveg 60  forbi sentrum vidare mot Bergen, ligg Loen, Olden, Innvik og Utvik. På RV 15 mot Hornindal og Nordfjordeid Kommune ligg bygda Markane. Panoramavegen som går langs nordsida av Nordfjorden, fører ein til bygdene Blakset, Fjelli og Randabygda. 

Visit Nordfjord:

Loen skylift

20. mai 2017 opna Loen Skylift - eit av dei største og mest spektakulære reiselivsprosjekta i Norge. Frå fjordbygget startar oppstigninga med pendelbana til fjellet Hoven (1011 moh). Etter nokre minutt i luftig svev kjem du til fjellbygget og restauranten der du får eit 210 graders panoramautsyn med utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i sør, og ut Nordfjorden som buktar seg vidare mot Stryn i vest.

Prisar Loen Skylift - Spesialpris for ME-konferansen Stryn

Tur/retur Loen Skylift gruppe > 20 pers. kr 350,- pr person

For å få denne prisen må ein levere eit deltakarbevis i Fjordstasjonen for kjøp av billett.

Her kan ein lese meir om Loen Skylift: https://www.loenskylift.no/om-loen-skylift

 

https://www.nordfjord.no/kva-skjer/me-konferanse-stryn-p4741113

alex.JPG
bottom of page