top of page

Pauseslides frå ME-konferanse Stryn, med diverse informasjon og tema: 

 

Før fagkonferansen starta og avslutningsvis på kveldsforedraget på den tredje ME-konferanse Stryn som vart arrangert heildigitalt, opna med at Gunn Skrede framførte ein tekst for si søster Agnete. Agnete sjølv har ME. Ho har brukt lang tid på å skrive og ho er for sjuk til å framføre teksten sjølv. Innleiingsvis til denne konferansen tenkte Agnete prøve å formulere nokre tankar frå sin ståstad som pasient. - Der er ein del tankar og opplevingar som Agnete tenkt på gjennom år.  

 

«– Vi er mange som i årevis har sagt klart og tydleg at ME-pasientar må bli behandla med respekt og forståing, og få den hjelpa ein treng frå helsetenesta. Vi treng auka økonomiske midlar til biomedisinsk forsking.
For å forstå kor mykje det betyr med tillit, kor mykje det betyr å føle seg i trygge hender i møte med helsetenesta, så må kanskje ha opplevd det motsette. Kjenne frustrasjonen og eit rettssystem som svikter rundt deg, sjølv om ein engasjerer dei beste advokatane til å kjempe for ein. Eg hadde sikkert ikkje vore klar over alt dette, utan å gått gjennom det sjølv. Kontrastane frå det eine fagfeltet til det andre i helsevesenet og korleis ein som pasient blir behandla er så forskjelleg at eg har vanskeleg for å beskrive det med ord. Målet må vel vere å tilstrebe å gjere det beste for pasientane og dei som står midt opp i ein krisesituasjon?» 

bottom of page