top of page

Den 3. konferansen er arrangert: 

Det vart 13. og 14 april 2021 arrangert ein ny stor biomedisinsk konferanse, heiltdigitalt, denne gongen under organisasjonen som heiter ME-konferanse Stryn. 

Historikk: Dei to tidligare ME-konferansane som har vore arrangert i Stryn i
2016 og 2019 er i privat regi av initiativtakar Agnete Skrede og
hennar næraste familie. Nære vener har bistått med heimeside,
plakatar, pakking av invitasjonar osv. Alt arbeid med ME-konferansen
er gjort på dugnad (bruk av feriedagar og liknande) utan løn, av
nokon få personar. Agnete har alvorleg ME. Ho og hennar næraste
familie har lagt mykje krefter over mange år med kjempe for
biomedisinsk forsking og formidling av medisinsk kunnskap om
sjukdomen.


Der er veldig mykje arbeid bak ein slik konferanse, og der kostnadar i
samband med ME-konferansen til leige av lokale, annonse, porto på
invitasjonar og rapportar, reisekostnadar til foredragshaldarar og
liknande. Dette har vore finanisert gjennom omfattande
dugnadsarbeid, som bl.a pallesal med kaffi, loddsal og liknande.


Organisasjonsnummer og registrering i Brønnøysund:
ME-konferanse Stryn er ein biomedisinsk konferanse og vart
registrert som ideell organisasjon i Brønnøysundregisteret
22.04.2020.
Organisasjonsnummeret er: 924 966 122
Formålet er å arrangere ME-konferanse 2. eller 3. kvart år for å bidra
til meir kunnskap og auka søkelys på ME-saka. Kor ofte konferansen
kan arrangerast vil verte gjort ut frå ei totalvurdering av fleire
faktorar. 


Kontaktinformasjon: Ester Anny Skrede
Postadresse:
ME-konferanse Stryn,
C/O Agnete Skrede,
Nordfjordvegen 784,
6783 Stryn

Vi prøvar å oppdatere med at all informasjon ligg på heimesida, e-
post vil bli lese sporadisk.
E-post: mekonferansestryn@gmail.com

bottom of page