top of page
AGNETE_LogoME_kvit bakgrunn_07.05.2018.j

«Fokus på ME» er ein liten organisasjon, som vi vel å legge inn litt informasjon om link til, på denne sida. 

Organisasjonsnummer til Fokus på ME er: 921 834 640

 

«Fokus på ME» er ein liten veldedig organisasjon som var danna i Stryn hausten 2018. Den har eit klart formål: samle inn pengar til biomedisinsk forsking på ME i Noreg, i første omgang til Haukeland Universitetssjukehus, Avdeling Kreftbehandling og Medisinsk fysikk, forskingsgruppa leia av Olav Mella og Øystein Fluge.

Fokus på ME har også som formål å spreie kunnskap om ME. For å hjelpe dei som har ME og familiane deira til å få ein betre kvardag trengs det meir forsking og kunnskapsformidling om sjukdomen.

ME er ein av dei mest invalidiserande sjukdomane som er kjend, men likevel er dei statlege midlane til forsking på denne sjukdomen svært låge. Bakgrunnen for organisasjonen ’Fokus på ME’ er at den er starta i håp om at ein kan samle inn pengar og kunne bidra til forskingsarbeidet. 

 

Vi har eiga heimeside:  www.fokuspame.no

​Facebook-side: facebook.com/foksupame

 

Gje gjerne ei gåve til Fokus på ME, 

ved å vippse til 548006 

eller innbetale på kontonummer: 3705 37 44029

Spleis: spleis.no/org/4384

bottom of page