top of page

INVITASJON

Vi inviterer til digital ME-konferanse tysdag 13. april og onsdag 14.april. All ny informasjon vil verte lagt ut på heimesida www.mekonferansestryn.no.

Som tidlegare år vil ME-konferanse Stryn vere ein biomedisinsk konferanse, og er initiativ frå underteikna. Dette blir den tredje konferansen som verte arrangert og det er gått to år sidan den førige ME-konferansen fann stad i Stryn i 2019. ME-konferanse Stryn har både i 2016 og 2019 vore eit privat initiativ frå familien Skrede, men vart registrert som ein ideell organisasjon i Brønnøysund våren 2020.

 

Det vil i år bli fagkonferanse som går over to dagar, som vil gje innsyn i oppdatert forsking og prosjekterfaringar innan biomedisinsk forsking på ME nasjonalt og internasjonalt. I tillegg blir det lagt opp til eit kveldsføredrag, der fagstoffet vert lettare å fortstå for folk flest. Sjå meir om dette i vedlagt program og informasjon.

 

Vi håpar flest mogleg har høve og interesse til å delta på konferansen. Håpar de kan informere dykkar kollegar, medlemmar osv. og henge opp plakatane. Vi set stor pris på om fylkeslegane informerer i sine eigne fylke, helseføretak legg inn informasjon i sine kalendrar og om kommunar legg informasjon inn på sine eigne heimesider og informarar tilsette.

NB! Bindande påmelding innan 15.mars 2021. 

Det er viktig at dei som skal vere med på konferansen melder seg på og registrerar inn informasjon i deltager.no, som vi kjem til å bruke i år, link er lagt på www.mekonferansestryn.no. Påmeldingsavgifta må betalast ved registrering, med vipps eller kort. Vi har dessverre ikkje moglegheit til å sende faktura, på grunn av at det vart vanskeleg å få inn påmeldingsavgifta tidlegare år. Vi må ha minst 100 deltakarar på fagdagane for at konferanse skal arrangerast.

Deltager.no har integrert seg med webinar-løysinga ClickMeeting som vi kjem til å nytte. Vi kjem til å velje ei løysing der ein kan melde seg på og dersom ein ikkje har moglegheit til å sjå alle foredraga når dei vert sendt Live, kan dei som har betalt påmeldinga logge seg inn att på deltager.no og sjå foredraga når ein har mogelegheit. Ein vert send frå påmeldingsplattforma til plattforma der webinaret/digitale konferansen vil vere. Då får ein ein link som ein følgjer, og slepp laste ned program eller App. Så vi håpar vi dette er ei løysing der flest mogleg kan delta på.

Vi håpar å få til å lage ein video av kveldsføredraget, som også inneheld korte intervju med dei som forskar. Denne tenke vi utgangspunktet vil vere mogleg å kjøpe via heimesida vår.

All informasjon ligg på heimesida vår. Der ligg PDF-filer som er mulig å skrive ut. Vi har fått hjelp av Anders Hamre Sveen til å lage engelsk oversetting.

Vi oppdaterer heimesida så godt vi kan

Agnete Skrede                           Ester Anny Skrede                        Arne Skrede

bottom of page