top of page

Ny studie frå Haukeland

publisert 19.september i PLOS , med tittel "Activity monitoring and patient-reported outcome measures in Myalgic Encephalomyelitis/Chronic Fatigue Syndrome patients"


Forfattarar:

Ingrid G. Rekeland, Kari Sørland, Ove Bruland, Kristin Risa, Kine Alme, Olav Dahl, Karl J. Tronstad, Olav Mella, Øystein Fluge.



Forskarar frå Haukeland forklarte litt om bakgrunn av Fitbit-studien som dei jobba med på ME-Konferanse Stryn 2021 :

"Fitbit-studien:

Er ein studie der ein følger 27 pasientar med registrering av fysisk aktivitetsnivå i 6

månader, der ein ønskjer å finne meir om naturleg variasjon over tid.


Ein ønskjer å finne ut om objektiv registrering gjennom skritt-teljing, og eventuelt

kvilepuls kan nyttast som eit mål på effekt i ein ny studie. Dei fysiske målingane vert

samanlikna med eigenrapporterte data som fyllast ut kvar 4. veke.

I studien inkluderte dei pasientar diagnostisert med Canada-kriteriene, med alder frå 18-65 år, med sjukdomsvarighet på minst 2 år. Dei inkluderte bevisst også nokon

pasientar med relativt lite symptom, for å kunne sjå noko om variasjonen over tid i dei

ulike gruppene (mild/moderat, moderat, moderat/alvorleg).

Tala viser mest svingingar i sjukdomsforløpet hjå pasientane med mildast symptom,samanlikna med dei dårligaste pasientane som har eit meir stabilt forløp. Dette vise at alvorsgraden av sjukdomen kan fortelje oss noko om det vi kan forvente av variasjonar over tid. I ein intervesjonsstudie er det viktig at ein har ei mest mogleg «stabil» pasientgruppe, utan for store naturlege svingingar i sjukdomsforløpet."

32 visninger
bottom of page