Takk for oppmøte: 

Vi takkar for oppmøte på ME-konferanse Stryn 26.mars og 27.mars 2019. Foto frå konferansen, referat, rapport og presentasjonar frå konferansen vil verte lagt ut. Dette er ein privat konferanse som ligg veldig mykje arbeid bak over lang tid, og også sjølve gjennomføringa er ein god del arbeid med. Så vi ber om forståing for at dette vil verte lagt ut når vi får kapasitet til det. All arbeid er gjort på dugnad.

Kontaktinfo vedrørande spørsmål: ​ me.konferanse.stryn.2019@gmail.com

Vi som arrangerer konferansen: 

Denne biomedisinske ME-konferansen i Stryn vert arrangert som eit privat initiativ. Agnete Skrede er sjølv hardt ramma av ME, og har brukt mykje krefter over fleire år for å få til ein ny biomedisinsk ME-konferanse. Ho er ikkje frisk nok til å vere til stades på konferansen sjølv. Saman med næraste familie og næraste vener står vi bak dette arrangementet. Det er sendt ut fleire hundre invitasjonar i heile landet, både per post og e-post. I tillegg fleire tusen flygeblad i indre Nordfjord. 

Etterpåmelding: 

For dei som ikkje meldte seg på før fristen gjekk ut 08.03, så vert påmeldingsskjema ope fram til konferansen skal vere, slik at det er mulig å etterpåmelde seg fram til 24.03. 

NB! Bruk kontonummer som er oppgitt til å betale inn påmeldingsavgifta, merk kven betalinga gjeld for. 

 

Dr. Katarina Lien ved Oslo Universitetssjukehus har gitt beskjed om at ho ikkje får til å reise til Stryn, då ho har vore sjukmeld ein periode. Katarina Lien jobbar med forskingsprosjektet «Ergospirometri: kva skjer hjå pasientar under fysisk aktivitet» *restitusjonstid, laktaktnivå i muskulaturen. Vi har fått tillatelse frå Katarina Lien til å vise eit videoopptak frå presentasjonen hennar som ho heldt på ein ME-konferanse i Stockholm hausten 2018. 

 

12.mars meldte stortingspolitiker Erlend Larsen (Høgre) forfall til ME-konferansen

Erlend Larsen jobbar i Helse-og Omsorgskomiteen og skulle delta i delen frå ein helsepolitisk ståstad. Det betyr at berre Carl-Erik Grimstad (Venstre) kjem til å delta frå Helse-og omsorgskomiteen i denne delen her.

 

Jørgen Jelstad kjem til holde foredraget om alvorleg grad av ME på tysdagen

Kjersti Krisner skulle eigentleg kome på konferansen og snakke om alvorleg grad av ME i sitt foredrag på tysdagen. Ho har gitt beskjed at ho ikkje får til å reise til Stryn likevel. Jørgen Jelstad - forfattar av boka «De Bortgjemte» kjem til å snakke om alvorleg ME på tysdagen. 

Professor i barnenevrologi ved Barneklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus: 

Kristian Sommerfelt vil også kome på ME-konferansen og holde foredrag på fagdagen om «Fallgruver og nyttige strategiar under diagnostisering og oppfølging», ​i tillegg vil han snakke litt om pårørande på første dag. 

Kristian Sommerfelt sin bakgrunn for ME er barn og unge opp til 18 år, diagnostisert før fylte 15 år. Han har over 20 år erfaring med ME og har gode råd å gje til pasientar, pårørande og helsearbeidarar. Les meir i programmet og omtalen om foredragsholdarane. 

NB! 

ME-konferanse Stryn vert flytta frå Stryn Kulturhus og Stryn Hotel til Hotel Alexandra i Loen. 

Stryn Hotel har drive med oppussing i vinter. Vi fekk vite 13.februar at det har blitt litt forsinkelsar som gjer at dei ikkje vert ferdige med oppussinga til konferansen skal vere. Derfor har ei totalvurdering gjort at vi flyttar heile ME-konferanse Stryn frå Stryn Kulturhus til Hotel Alexandra i Loen. Hotel Alexandra ligg ca 10 km frå Stryn sentrum. Ein svingar av RV15 i rundkøyringa i Stryn og køyrer over brua på FV60 i retning Førde/Bergen. 

Både overnatting og konferansesal (Loensalen) vil vere på Hotel Alexandra 

 

Vi kjem til å oppdatere heimesida vår www.mekonferansestryn.no så snart vi har kapasitet til det. All ny informasjon vert lagt ut på heimesida. 

 

Dei som skal ha overnatting må bestille det sjølv på Hotel Alexandra, men vi har gjort avtale med dei, og kjem med meir informasjon på heimesida vår om pris etc. Gje melding om at de skal på ME-konferansen.  Vi ber om at dei som alt har booka rom på Stryn Hotell bestiller på nytt på Alexandra. For bestilling av rom ta direkte kontakt med Sissel Tenden enten på telefon 57 87 50 35 eller e-post: sissel.tenden@alexandra.no

Oppgi at det er deltakarar på ME-konferanse Stryn.

 

Påmelding til ME-konferanse Stryn (påmeldingsskjemaet finn de i eiga fana på denne heimesida). På grunn av registreringa ber vi om at dei som betaler for fleire melder inn dei som skal vere med på konferansen/registrerar dei i påmeldingsskjemaet enkeltvis med namn. Det er viktig at dei som skal vere med på konferansen melder seg på før fristen går ut 8.mars. 

 

Vi selge framleis kaffe på dugnad for å skaffe finansiering:

”Fairtrade Brasil er kvalitetskaffe av 100% Arabica frå området Minas Gerais i Brasil. Kaffen er mild, men rik og balansert på smak. Kaffen er ferskbrent ved levering, med holdbarhet inntil 1 år”. Velg mellom filtermalt og heile bønner. 

Ei eske filtermalt kaffe inneheld 8x225g. 

Ei eske heile bønner inneheld 4x450g. 

Pris kr 400 per eske. 

Kontakt: fokuspame@gmail.com eller tlf: 92807780 

Om kaffien skal sendast med Norgespakke vert porten kr 145. 

Hugs å oppgje adresse og telefonnummer. 

Linn Christin Skjevling frå UNN Harstad: Har gitt oss beskjed om at ho ikkje kan kome til Stryn likevel, og at det skuldast obligatorisk doktorgradskurs som er lagt til akkurat desse datoene som konferansen skal vere og doktorgradskurset er ho nødt til å få gjennomført. LIS-lege Peter Holger Johnsen som også jobbar i forskingsgruppa ved UNN Harstad, vil holde eit foredrag via Skype. Dei har ingen forskingsresultat klare i mars, men Peter Holger Johnsen vil snakke om korleis dei jobbar i det forskingsprosjektet som omhandler fekal translasjon, eit samarbeid mellom medisinsk og fysikalskmedisinsk avdeling. 

 

Spørsmål om foredraga/konferansen vert overført til nett: 

Nei, innlegga vert ikkje streama/overført til nett dessverre. Ein kan difor ikkje følgje/sjå foredraga på nett frå konferansen utan å vere tilstades. Dei presentasjonane frå Powerpoint (PDF-fil) som er mulig vil verte lagt ut under fana presentasjonar. Der ligg nokre frå forrige konferanse i Stryn som fann stad i april 2016. 

Endringar i program tysdag 26.mars: 

Jørgen Jelstad kjem til å vere med å holde foredraget om pårørande sin situasjon i staden for Ola Didrik Saugstad. Professor Saugstad kjem til å holde dei medisinske foredraga både tysdagen og onsdagen slik dei er sett opp. 

 

Line Melby kjem til å holde foredraget om forskingsprosjektet "Tjenesten og MEg" i staden for Thomas Halvorsen. 

 

 

Loddgevinstar til inntekt for ME-konferansen vart trekt 2.desember 2018 av Markane Ungdomslag.